Presseinvitasjon: Endra tidspunkt – utgreiingar om norsk atomavfall
Næringsminister Monica Mæland tar fredag 30. januar imot to utgreiingar om handtering av norsk atomavfall. Næringsministeren blei forhindra frå opphavleg framlegging i dag. Møtet er difor utsett til 30. januar klokka 14:00.I samband med overrekkinga vil DNV GL presentere hovudkonklusjonane i utgreiingane. Presentasjonen er open for presse. Den første utgreiinga vurderer løysingar for handtering og oppbevaring av brukt kjernebrensel og anna radioaktivt avfall frå norsk nukleær verksemd. Den andre utgreiinga vurderer metode for framtidig nedbygging og avvikling av dei norske atomanlegga,