Tilleggsforslag statsbudsjettet 2014: Auka løyvingar til veg og jernbane
- Regjeringa føreslår auka løyvingar til veg og bane over statsbudsjettet for 2014. Mellom anna vil vedlikehald av jernbanen få eit ekstraløft, og vi løyver midlar til å utbetre skadar på veg- og jernbanenettet etter flaumen på Vestlandet tidlegare i haust, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.- Regjeringa føreslår 10 millionar kroner til å utbetre skadane som flaumen på Vestlandet påførte riksvegnettet i Hordaland og Sogn og Fjordane i oktober i år, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Det er føreslått å sette av til saman 66 millionar kroner til riksveginvesteringar.