Presseinvitasjon: Lanserer ny maritim strategi
Næringsminister Monica Mæland (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) presenterer regjeringa sin nye maritime strategi, fredag 29. mai.- For å sikre at Noreg også i framtida skal vere ein verdsleiande maritim nasjon, må vi sørgje for at næringa er konkurransedyktig og har evne til å omstille seg. Eg meiner strategien vil gi svar på korleis vi kan oppretthalde og utvikle den maritime næringa, seier næringsminister Monica Mæland. – Vi har sterke maritime miljø i Noreg. Den maritime næringa i Noreg gir arbeid til over 100 000 menneske og skaper verdiar for nær 175 milliardar kronar i året.