Boklansering: Sjabervik - portrett av ei kystbygd gjennom 175 år
I si nye novellesamling Sjabervik tek Øystein Orten oss med til eit fiktivt kystsamfunn, der han skildrar bygda og menneska gjennom forteljingar som spenner over 175 år. Ved å portrettere dei som har falle utanfor samfunnet, kjem vi tett på dei sosiale mekanismane og dei uskrevne reglane i bygdesamfunnet. Ved sida av den meir tradisjonelle novellesjangeren får vi gjennom reiseskildringar, brev, talar og dagboksnotat innblikk i livsvilkår og endringar fram gjennom århundra. - Det er dei små hendingane som står i fokus i desse novellene, seier forfattaren. Eit lite kyss på kinnet,