Høyring: Regjeringa vil stille krav om maksimalt nivå for utslepp av CO2 i samband med offentlege kjøp av køyretøy
- Utviklinga innan køyretøyteknologien er formidabel. Dei siste åra har det kome stadig fleire bilmodellar på marknaden som har låge eller inga utslepp. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at køyretøya på norske vegar skal bli enda meir energieffektive. Styresmakter og operatørar innan kollektivtransport skal difor kunne stille energi- og miljøkrav i kontraktar om kjøp av kjøretøy, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.Samferdselsdepartementet har i dag sendt på høyring forslag til både lovendringar og ny forskrift i samband med at regjeringa føreslår å innføre i norsk rett eit