Grønt lys for felles planar for veg og bane på strekninga Voss – Arna
- Eg har i dag bede Vegdirektoratet om å leia arbeidet med å greia ut alternativ for å løysa transportutfordringane på strekninga Voss - Arna. Dei ulike konsepta skal leggja grunnlaget for ein effektiv og sikker transport på veg og bane for folk og næringsliv i regionen, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.For å kasta eit samla lys over veg- og banetransporten på strekninga, skal Vegdirektoratet utarbeida konseptvalutgreiinga (KVU) i samarbeid med Jernbaneverket. - Mellom Voss og Arna er det mange felles utfordringar på veg og bane. Begge transportårene slit med utforming,