Del av bompengreform: Same takst og rabatt for tunge personbilar og bubilar som for lette bilar
- Sjåførar som køyrer bubil eller stor personbil må i dag betale same bompengetakst som store og tunge vogntog. Mange opplever dette som urimeleg, og nå gjer vi endringar slik at bubilar og store personbilar skal betale bomtakster på same nivå med øvrige personbilar. Vi har i dag bede Vegdirektoratet om å gå i gang med denne omlegginga, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.Endringane gjeld kjøretøy registrert som personbil, som etter dagens regelverk betaler same takst som tunge næringskøyretøy, det vil seie med ein totalvekt frå 3 500 kilo og oppover. Bubilar og einskilde store