Ni av ti seier ja takk til vekst
88 prosent av fiskeoppdrettarane har søkt om kapasitetsauke. - Det er bra at så mange søkjer. Til fleire som tar i mot tilbodet, til betre kan miljøverknaden av veksten bli, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.Regjeringa har tilbydd fem prosent vekst mot strenge lusekrav: Ikkje meir enn 0,2 vaksne holus per oppdrettsfisk og maksimalt to medikamentelle behandlingar per produksjonssyklus. Miljøkrava som er knytt til denne veksten vil gjelde for heile oppdrettsløyvet og er blant dei strengaste krava som nokon gang er stilt. - Strenge krav om medikamentbruk er svært viktig for å