Regjeringa vil utvikle Gjøvikbanen
- Omlandet til Gjøvikbanen har store tilgjengelege areal som kan ta sin del av folkeauken på Austlandet. Det er òg positivt at togstasjonane ligg sentralt plassert i tettstadene på strekninga mellom Oslo og Gjøvik. Men for å gjere det attraktivt for folk å flytte til områda rundt tettstadene, er det naudsynt med eit betre togtilbod. Vi vil difor ha ei grundig vurdering av kva som er mogleg å gjere for å betre togtilbodet på Gjøvikbanen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.Samferdselsdepartementet har i dag sendt brev til Jernbaneverket om å vurdere kva for tiltak som kan bidra til