Ny breibandskvardag
Regjeringa sender no på høyring eit forslag til korleis ledige frekvensressursar kan brukast til mobilt breiband. - Eit skikkeleg kapasitetsløft for breiband i heile landet! seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Desse frekvensane – delar av den digitale dividenden – blei frigjorte ved overgangen til digitalt bakkenett for fjernsyn. - Det er snakk om investeringar i moderne breibandsløysingar for fleire milliardar kroner. Folk flest vil i løpet av ein fireårsperiode oppleva ein heilt ny breibandskvardag, seier Kleppa. Saka gjeld i hovudsak ressursane i øvre del av det