NSB Gjøvikbanen får utbetalt 5 millionar kroner i bonus
- NSB Gjøvikbanen kan vise til svært gode resultat i talet på reisande i 2014. Bonusen er difor fullt ut fortent. Passasjerauken over fleire år illustrerer at konkurranseutsetjinga av persontransporten på Gjøvikbanen fungerer. Det gir dei reisande eit betre tilbod som fleire ynskjer å nytte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.Om lag 1,3 millionar passasjerar reiste med Gjøvikbanen i fjor. Det var 4 prosent fleire enn året før. På denne bakgrunnen har NSB Gjøvikbanen oppnådd rekordhøge 6,5 millionar kroner i bonus for 2014. I tråd med trafikkavtalen vil NSB Gjøvikbanen AS få