E6 Korgen – Bolna: Same entreprenør skal stå for utbygging, drift og vedlikehald
Utbygging av E6-prosjektet ”Helgeland Nord” får auka statlege løyvingar og lågare bomsatsar, enn det som er lagt til grunn i forslag frå den førre regjeringa. Utprøving av nye former for entreprenørkontraktar inngår i prosjektet. - Med å gi ein entreprenør ansvaret for utbygging, drift og vedlikehald av ei lengre vegstrekning, kan vi mange stader oppnå stordrifts- og samordningsgevinstar. Dei mange store oppgåvene vi står framfor på vegsektoren krev at vi prøver ut slike nye løysingar.Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med eit forslag om utbygging av