ENKLARE TRYGGLEIKSKLARERING
Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram ei stortingsmelding som evaluerer strukturen til klareringsstyresmakta, St.meld. nr. 24 (2005-2006) Oppfølgjing av oppmodingsvedtak nr. 478 (2004-2005) - strukturen til klareringsstyresmakta.Etter dagens ordning er det departementa og fylkesmennene som avgjer saker om tryggleiksklarering. Departementa har etter tryggleiksloven eit snevert høve til å delegere desse sakene til underlagte verksemder som har eit stort klareringsbehov. Det eksisterer i dag 58 klareringsstyresmakter i forvaltninga. Meldinga drøfter fire alternativ til ny struktur som