250 artistar og Dronninga feirar fridomsmusikk i Førde
- For oss som lever i eit fritt land er det lett å gløyme at mange regime ser på musikk som farleg, seier direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum. Kunst, ikkje minst musikk, har ei enorm kraft og kan vere utfordrande og farleg. Norges største fleirkulturelle musikkarangement blir opna av H.M. Dronning Sonja torsdag 8.juni.Eit verdskjend brassband frå Serbia, hardingfeler, sigøynermusikk, palestinsk song, kurdisk musikk, fakirar, irsk musikk og riverdance, spansk flamenco, italiensk toradarkurs, indisk klassisk dans – alt kan opplevast når Verda kjem til Førde, for 21.gong! Med