Eitt selskap ønskjer å driva kystruta Bergen - Kirkenes
Ved tilbodsopning for drift av kystruta Bergen – Kirkenes har Samferdselsdepartementet motteke eitt tilbod. Selskapet som har lagt inn tilbod er Hurtigruten ASA, noverande løyvehavar.Samferdselsdepartementet vil no vurdera om tilbodet oppfyller krava i konkurransegrunnlaget. - Val av alternativ må sjåast i lys av krav til ressursbruk. Målet er å få til eit så godt tilbod som råd er. Samferdselsdepartementet vil no gå gjennom tilbodet. Av di det berre er ein tilbydar, vil det kunna verta aktuelt med forhandlingar med tilbydaren, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.