Jernbaneverket og Statens vegvesen tilrår trasé for Ringeriksbanen og ny E16
- Jernbaneverket og Statens vegvesen har kome med eit solid fagleg grunnlag for det vidare arbeidet med Ringeriksbanen og ny E16 mellom Skaret og Hønefoss. Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med at dei to etatane i dag har lagt fram siste del av fellesutgreiinga om jernbane- og vegutbygging mellom Sandvika og Hønefoss.Mellom Sandvika og Skaret er avgjerda om E16-traseen tatt tidlegare. For Ringeriksbanen tilrår etatane ei tunnelløysing frå Sandvika til Kroksund. Denne løysinga opnar for mogleg stasjon i dagen ved Avtjerna i Bærum kommune.Frå Kroksund til Hønefoss