Samferdselsministeren testar kontoret #påsporet
16. og 17. mars flyttar samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kontoret sitt til jernbanen. I to dagar skal politisk leiing i Samferdselsdepartementet ut og oppleve så mykje jernbane som mogleg.- Vi flyttar no kontora ut i togkupear over heile landet for betre å sjå korleis jernbanekvardagen er i praksis. Det gir ein breiare innfallsvinkel enn berre å lese dokument og sitje i møte i departementet. Vi har i tillegg gode erfaringar med å teste veginfrastruktur frå køyreturane på E6, E18 og hovudvegsambanda mellom Oslo og Bergen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. - Jernbanen har