Legg fleire sjømatmillionar på bordet
Fiskeriminister Per Sandberg gir 2 millionar kroner ekstra til prosjekt som skal gi barn gode opplevingar med sjømat.Regjeringa har i 2017 sett av til saman 10 millionar til prosjekt og tiltak som skal gi barn og unge gode opplevingar med sjømat. Men i år har det kome så mange gode søknader om tilskot til sjømatprosjekt at potten blir auka. - I år har eg fått ein rekordstor tilstrøyming av søknader. Denne regjeringa tek barn på alvor, så no legg vi ytterligare 2 millionar kroner på bordet, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP). Norge har dei siste ti åra hatt eit stabilt høgt