Ny frihandelsavtale med Filippinane
Frihandelsavtalen vil gi norske bedrifter betre tilgang til ein marknad med nær 100 millionar innbyggarar.- Frihandelsavtalen mellom EFTA-landa og Filippinane er eit viktig skritt på vegen for å gi norske bedrifter betre tilgang til dei asiatiske marknadene, seier næringsminister Monica Mæland. Noreg og dei andre EFTA-landa signerte avtalen med Filippinane i Bern i Sveits i dag. - Gjennom EFTA forhandlar Noreg med fleire viktige marknader i Asia. Eg håpar og trur at denne avtalen vil bidra til framgang i forhandlingane med Indonesia, Vietnam og Malaysia, som alle er viktige