Ny konkurransedirektør
Lars Sørgard er utnemnd til konkurransedirektør. Sørgard kjem frå stillinga som sjeføkonom i Konkurransetilsynet.– Eg er svært glad for at Lars Sørgard i dag er utnemnd til ny konkurransedirektør. Sørgard har ein unik bakgrunn. Saman med kompetente medarbeidarar er tilsynet (og KOFA) no topp rusta for eit viktig arbeid til beste for forbrukarar og bedrifter, seier næringsminister Monica Mæland. Lars Sørgard er 56 år og har sidan i sommar vore sjeføkonom i Konkurransetilsynet. Sørgard har bakgrunn som professor ved Norges Handelshøyskole og har leiarerfaring frå NHH-miljøet, mellom anna