Anbod på regionale flyruter i Sør-Noreg: Styrkt konkurranse og mindre statleg regulering og kjøp
- Flytilbodet på kortbanenettet er ein viktig del av vårt samferdselstilbod. I nytt anbod for flyruter i Sør-Noreg vil regjeringa sikre eit godt tilbod til flypassasjerane og samstundes styrkje konkurransen om flyrutene, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.Samferdselsdepartementet har i dag utlyst anbod på regionale flyruter i Sør-Noreg. Anbodsfristen for flyselskapa er 7. juli 2015.På tre flyruter med kommersielt potensial blir statleg regulering og kjøp oppheva. Samstundes leggast det til rette for auka konkurranse om dei rutene som staten framleis skal kjøpe.