Andre innspelmøte om melding til Stortinget om havbruksnæringa
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker inviterer til det andre innspelmøte om ny melding til Stortinget om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa. Møtet skal haldast i Bergen.Tid: 2. september kl. 10.00-14.00.Stad: Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrresgate 49 - BergenHovudmålet med meldinga er å drøfte korleis Noreg kan auke verdiskapinga ved å fremme ein ny og føreseieleg politikk for kapasitetsvekst. Møtet er ope og alle som er opptatt av dei framtidige rammevilkåra til havbruksnæringa er velkomne til å dele tankar og idear og drøfte