60 millionar til innovasjonslån
Regjeringa foreslår å auke rammene for innovasjonslån. Forslaget skal gi betre tilgang på risikokapital, og fremme omstilling i norsk økonomi.– Dette er ei ordning med aukande etterspørsel og som særleg treffer behovet for omstilling i det etablerte næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland. Landsdekkande innovasjonslån bidrar med pengar til prosjekt der private aktørar ikkje vil ta heile risikoen aleine. Regjeringa foreslår nå å auke ramma til 200 millionar kroner, gjennom å løyve 60 millionar kroner til tapsfond for ordninga. I tillegg vil regjeringa styrke tilbodet med