Foreslår at fiskarane kan utnytte fordelane ved ny uføretrygd
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag sendt på høyring eit forslag som skal gjere det enklare å kombinere fiskaryrket og uføretrygd.- Ny uføretrygd som tredde i kraft 1. januar skal gjere det enklare å kombinere arbeid og uføretrygd for dei som har høve til det. Forslaget inneber at fiskarar langt på veg vil kunne utnytte fordelane ved den nye uføretrygda på same måte som andre yrkesgrupper, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. I høyringa ligg det også forslag om andre endringar i manntalsforskrifta og ervervsløyveforskrifta. Desse forslaga gjeld mellom anna forskriftsfesting