Bodø: Avinor skal vurdere nytten av å byggje ny lufthamn
- Det er eit lokalt ønskje at vi vurderer å bygge ny lufthamn i Bodø, når Forsvaret no avviklar sin aktivitet på dagens lufthamn. Eg vil difor be Avinor om å greie ut kva for ein meirverdi ein ny lufthamn med ein ny plassering vil ha, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.Forsvaret skal avvikle aktiviteten sin på Bodø lufthamn, og Avinor tek over ansvaret for drifta. Lufthamna treng opprusting, og Bodø kommune har på vegne av fleire lokale aktørar bede Samferdselsdepartementet om å delta i eit samarbeid for å flytte flyplassen. Bodø kommune ønskjer å byggje lufthamna lengre sør