Spør ungdommen om framtidas reiseliv
Korleis blir det framtidige reiselivet i landet vårt? Reiselivsminister Monica Mæland (H) spør dei unge om råd.Regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om reiseliv i 2016. Det er 15 år sidan førre gjennomgang av norsk reiseliv. Reiseliv er ei av dei næringane som veks raskast i verda. – Vi må tore å løfte blikket og sjå framover. Eg trur ungdommar har færre skylappar på enn vi som allereie arbeider med og i næringslivet. Dei unge kjem ofte med friske og gode idear og råd, seier næringsminister Monica Mæland (H). Elevar og studentar i Troms, Sogn og Fjordane og Akershus er valde