E16 Bagn – Bjørgo i Valdres: Kortare reisetid, tryggare og betre veg
- Med utbygging av E16 Bagn – Bjørgo blir det tryggare og betre standard der det i dag er ein svingete og smal veg og der det meste av strekninga manglar gul midtstripe. Prosjektet er viktig for trafikk mellom Austlandet og Vestlandet og for trafikk innan og til og frå Valdres. Etter regjeringsskiftet løyvde vi auka midlar for raskare planlegging. Nå er vi klar for vedtak i Stortinget om bygging.Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med eit forslag frå regjeringa om utbygging og finansiering av E6 Bagn – Bjørgo i Oppland. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.