Høyring: Ryddigare forhold i drosjenæringa
- Styresmaktene får no eit betre grunnlag for å følgja opp drosjenæringa. For å sikra eit godt transporttilbod i distrikta, foreslår vi òg einskilde fritak for distriktsdrosjar og frivilligsentralar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.Samferdselsdepartementet sender i dag på høyring eit forslag om endringar i yrkestransportlova. Fleire av forslaga i høyringa gjeld endringar som følgje av den såkalla drosjejukssaka i Oslo tidlegare på 2000-talet. Høyringa inneheld fleire forslag som vil medføra betre kontroll og oppfølging med etterleving av yrkestransportregelverket.