Presseinvitasjon: Fiskeriminister Aspaker møter sin islandske kollega i Bergen 18. mai
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker møter sin islandske kollega Sigurður Ingi Jóhannsson i Bergen 18. mai.Den islandske fiskeriministeren ønskjer å hauste kunnskap om havbruk. Dei to ministrane dreg mellom anna til Øygarden visingssenter for fiskeoppdrett og Vik Settefisk As. I tillegg skal dei to statsrådane ha politiske samtalar. Utdrag frå programmet: Måndag 18. mai Kl. 10:00: Besøk i Kystmuseet Øygarden og visingsanlegget for fiskeoppdrett Kl. 13:00: Besøk hos Vik Settefisk As Kl. 16.30: Politiske samtalar.