Del av bompengereformen: Bubilar og større personbilar får samme takst og rabatt som lette bilar
- Bubilar og enkelte store personbilar, til dømes i gruppa SUV, med totalvekt over 3500 kilo - skal få samme bomtakstar og bompengerabattar som for køyretøy med vekt under 3500 kilo. Desse endringane gjeld kjøretøy registrert som personbil, som etter dagens regelverk betaler samme takst som tunge næringskøyretøy. Endringane er ein del av bompengereforma til regjeringa, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.- Mange opplever det som urimeleg at bubilar og store personbilar må betale samme bompengetakst som store og tunge vogntog. Takstane står ikkje i samsvar med kor store eller tunge