Nye Brønnøysundregistera-lokale på anbod
Det skal gjennomførast ein offentleg anbodskonkurranse så raskt som mogleg for å avgjere kven som skal setje opp det nye bygget.- Eg er opptatt av at Brønnøysundregistera skal ha eit moderne bygg, som samstundes skal vere ei kostnadseffektiv løysing. Ein anbodskonkurranse kjem både staten og næringslivet til gode. Vi vil få lågast moglege gebyr, og vi vil få eit bygg med dei kvalitetane som er viktige for både etaten og lokalsamfunnet, seier næringsminister Monica Mæland. - Eg har tru på at fleire private utbyggjarar vil gje tilbod, legg ho til. Dei tilsette ved Brønnøysundregistera