Samlar NIFES og Havforskingsinstituttet til eitt institutt
Regjeringa vil samle Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og Havforskingsinstituttet til eitt institutt frå 1. januar 2018.- Det er venta ein sterk vekst innan marin sektor i åra framover. Det aukar behovet for meir kunnskap og fagleg samspel. Med det nye instituttet etablerer vi eit breiare og meir konkurransekraftig forskingsinstitutt, også internasjonalt, seier fiskeriminister Per Sandberg (FrP). Saman skal NIFES og Havforskingsinstituttet utvikle vidare det faglege kunnskapsgrunnlaget frå hav til mat. Dei har i dag ulike, men komplementære oppgåver. Det nye