Presseinvitasjon: Møter næringslivet for å diskutere brexit
Næringsministeren, fiskeriministeren og EØS- og EU-ministeren møter næringslivet for å informere om regjeringa sitt arbeid med brexit og få innspel til prosessen vidare.- Brexit går over i ein ny fase no som statsminister Theresa May formelt har starta prosessen med utmelding frå EU. Vi har jamn kontakt med både britane og EU, men treng også viktige innspel om kva behov norsk næringsliv har når Storbritannia går ut av EU, seier næringsminister Monica Mæland (H). Nest etter olje og gass, er sjømat det vi sel mest av til britane. Storbritannia har dessutan store havområde som grensar til