Liv Holmefjord held fram som fiskeridirektør
Liv Holmefjord er i statsråd i dag utnemnd til fiskeridirektør for ein ny åremålsperiode på seks år.- Fiskeridirektoratet legg til rette for lønnsam og verdiskapande næringsaktivitet langs kysten. Liv Holmefjord har i sin første åremålsperiode som fiskeridirektør vist seg godt kvalifisert til å leie dette arbeidet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Fiskeridirektoratet vart etablert i Bergen i 1900. Direktoratet gir råd til Nærings- og fiskeridepartementet om korleis fiskeri- og havbruksnæringa bør forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde. Dei faglege oppgåvene i