Nytt utval skal betre samarbeidet mellom næring og forsking
Fiskeriministeren har oppretta eit nytt rådgjevande utval for ressursforsking som skal gje innspel frå næringa om forsking og bestandsovervaking.- Næringa sit på kunnskap om fiskebestandane våre. Det er viktig å kople næringa og forskinga sine kunnskapar, for å få så godt grunnlag for havforskinga som råd er, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Det rådgjevande utvalet blir leia av Norges Fiskarlag og der blir representantar frå Norges Kystfiskarlag, Pelagisk Forening og Havforskingsinstituttet. - Eg håpar utvalet kan bidra til felles forståing av utfordringane i ressursforskinga,