Oppdrettsnæringa må fiske ut rømt laks
Fiskeriministeren vil innføre obligatorisk utfisking finansiert av næringa.- Fisk er det fremste bidraget Noreg har til matproduksjonen i verda. Fisk er også ei viktig eksportvare for landet vårt. Difor er det avgjerande at produksjonen skjer på ein berekraftig forsvarleg måte. For første gang får vi no på plass ei systematisk utfisking av rømt laks. Det er eit stort steg i rett retning for å minske den genetiske påverknaden rømt oppdrettsfisk kan ha på villaksen, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Regjeringa vil praktisere prinsippet om at forureinar betaler i havbruksnæringa og