Foreslår torskekvalitetskontroll i nord
Frå 1. januar 2015 får Norges Råfisklag i oppdrag å drive kvalitetstilsyn i Nordland, Troms og Finnmark.- Det er nødvendig å leggje større vekt på kvalitet dersom norsk sjømat skal hevde seg i ein krevjande internasjonal marknad. Det vil styrkje verdiskapinga på sikt, og næringa sjølv må ta eit større ansvar, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Etter oppdrag frå departementet, har Mattilsynet sendt på høyring forslag om å etablere eit kvalitetstilsyn i regi av fiskesalslaga. Dette er i første omgang ei prøveordning for kvitfisksektoren i Nordland, Troms og Finnmark, som alle ligg i