PRESSEMELDING: Samlagsprisen 2011 til Brit Bildøen
Pris til stilsikker, kompleks og utfordrande forfattarskap. Bildøen debuterte i 1991 og har i år 20 års jubileum som forfattar. Juryen legg vekt på det stilsikre, komplekse og utfordrande i Bildøens forfattarskap.: "Ein forfattarskap som også er kjenneteikna av å vere allsidig og overraskande: Bildøen har gitt ut både barnebøker, lettlesbøker, essay, artiklar, dikt, prosa og romanar, og ho har også gjendikta og omsett. Og fellesnemnaren i både dei smale diktsamlingane og dei breie bokklubbøkene er alltid det same: kvalitet. Bildøen har vore med på å prege norsk litteratur dei