Skardstipendet 2011 til forfattar Mette Karlsvik
Pris til original, underhaldande og viktig forfattarskap. Karlsvik kjem seinare i haust med romanen Bli Björk, om artisten Björk.Karlsvik fekk prisen på Samlagets haustpresentasjon i dag. Frå grunngjevinga til juryen: "Mette Karlsvik blei tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005), ei bok som skapte store forventningar til framhaldet av denne forfattarskapen. Ho stod fram med eit poetisk språk, eit blikk på verda og ein stil som alt då var gjennomført og særeigen. Karlsvik har sidan debuten vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane