Kollektivtransport: 65 millionar kroner fordelt til Oslo/Akershus, Bergen og Trondheim
I revidert nasjonalbudsjett i juni la regjeringspartia, Venstre og Kristeleg folkeparti inn ei ekstraløyving på 65 millionar kroner til kollektivtransport i dei største byområda. Samferdselsdepartementet har no fordelt desse pengane, slik at Oslo/Akershus får 25 millionar kroner og Bergen og Trondheim 20 millionar kroner kvar.- Midlane skal medverke til at kollektivtransportløysingane i byane vert så gode at folk vel desse framfor mindre miljøvennlege transportmiddel, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. - Dette er ekstramidlar under belønningsordninga, og det er opp til